Klokka er 18.15, temperaturen er + 11 grader, og i dag har det vore overskya og litt regn.
Vi var relativt tidleg oppe i dag, så eg fekk gjort ein liten jobb før vi tok ein tur til Vik. I dag tok eg fatt på eit par skap på kjøkkenet, rydda og vaska. Eg synest skaprydding er ganske kjekt når eg får ta litt om gongen i staden for å ta alt i ein jafs slik eg gjorde før i tida.Så vaska eg over golvet til slutt.
Måtte vaske håret og shine opp meg sjølv før vi tok den nesten obligatoriske turen på Amfi. Der fann vi eit par vi kjenner, så vi sette oss i kafeen og drakk kaffi og prata.
Det var ikkje så mykje vi trong i dag, men ei runde på Bunnpris gjorde at litt av kvart hamna i korga.
Til middag i dag vart det Grandis (tilbod) men vi har fisk som vi kan ete akkurat når vi vil.
Etter middag la eg meg å sofaen med lydbok, mens Nils for ein tur på terminalen for å fiske. Han er litt meir hyper enn eg.
No har eg spraya steikomnen og skal vaske den før eg tek kvelden framfor TV-en.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar