Klokka er ca 20.30, temperaturen ute er + 18,4 grader C. Det har vore overskya og opphaldsvêr i heile dag.
Før middag tok eg inn klede frå snora, la i hop og strauk det som skulle stykast. Dette var ikkje arbeid som det hasta med, men eg har ikkje godt av å sitte for mykje i ro, då verker både rygg og hofte. Å stå er det beste, derfor likar eg å stryke.
Var ein tur ut i hagen, åt bær og rydda litt. Vi har ikkje meir jordbær og bringebær enn det vi et etter kvart. No er endeleg dei store sukkerertene endeleg komne, men ikkje dei mengder som vi plar ha. Dei små er det rikeleg av. Dei har eg tenkt å fryse og bruke i wok etc.
Elles har eg endeleg fått lese ut boka mi-mens eg shina opp kjøkkenet.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag, Nils har styrt med fiskesakene sine, og i morgon har han tenkt seg ut på makrelltur igjen. Makrellen må fangast mens han er her. Eg må ein tur på biblio sidan eg er heilt lens for lydbøker.
Mange begynner på jobb i morgon, men Rasmus har fri lenger. Han får ny arbeidsplass i år, i det nye store bygget som vert kalla(heiter?) KRONA. Det ligg rett bak kyrkja. Det er det mange som har fått plass, mellom anna er der kino og bibliotek i tillegg til Høgskulen, den Rasmus har jobben sin. Han får kortare veg til jobben og kan sykle om han vil, ev. gå. Eivind skal begynne på ny skule, ungdomsskulen ligg i motsett retning av barneskulen, men der er sykkelsti.Ingeborg skal studere i Oslo, dei andre barnebarna held fram der dei er.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 14.desember
Så har vi tent det tredje lyset og jula nærmar seg. Veret liknar ikkje jul, 10 varmegrader , grøne plenar og litt regn; men det er heilt i ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar