lørdag, juli 04, 2015

Dagbok 2015: 4.juli

Klokka er ca 21.00, det er framleis sol somme stader, og eg kom nettopp inn frå altanen, der eg har lege og lese lydbok etter at vi åt middag for eit par timar sidan. Temperaturen ute er + 21 grader C no. Det har vore fin sol og god temperatur etter middag, men då vi stod opp i dag låg skodda heilt ned på jorda.
Nils ville ein tur til Volda og helse på tremenningen sin, Terje, som ligg der med båten sin, FJORD-KONGEN.
I går var der full fest om bord med rekeaften og musikk, men i dag var der folketomt og stille. Terje driv også klesbutikk i Stavanger, og sel klede om bord i båten. Vi var om bord og såg, men Nils fekk ikkje treffe Terje, som framleis låg og sov. Dei einaste bilda eg tok i dag er frå Volda.
Vi var også ein tur på Byggmix i Volda , på Felleskjøpet i Furene og på Jernia i Ørsta og såg på plenklipparar. Den eine klipparen vår har nemlig takka for seg.
Elles kjøpte eg garn i Volda, på plantasjen kjøpte vi ei syrinbuske etc. og mat handla vi på Amfi.
Då vi kom heim var det så fint at vi la oss på altanen til bruning, før vi klipte litt gras, planta buska vår og så omsider laga middag. I dag vart det steikt blålange. Gløymde visst å ønske alle GOD HELG i går, men håper det gjekk bra.





Eivind i Venezia.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...