søndag, juli 05, 2015

Dagbok 2015: 5.juni

Klokka er snart 20.00 og eg har pakka i hop solsenga for i dag. Tok ein tur rundt huset og tok nokre bilde før eg gjekk inn for godt. Temperaturen er no + 23 grader, ein behagelig temperatur. Sola har ikkje vore så sterk i dag, det har vore eit lite skylag. Nils og eg var ute i hagen ei stund før middag, så tok han ein tur på terminalen for å sjå om makrellen er komen. Eg sette meg opp til Marit og prata.
Då han kom att, laga vi oss litt mat før vi la oss på solsengane. Han ligg der ikkje så lenge som eg, men så har han heller ikkje lydbok. I dag har det vore nesten 100 % avslapping, det einaste eg har gjort er å shine opp kjøkkenet, det "rakk" eg ikkje før helga. Eg prøver å nyte kvar solstråle, veit aldri kva tid regnet kjem tilbake.
Nils ser fotballkamp på TV- og då held eg veg vekke. Margrete og ungane kjem ein tur i morgon, Rasmus og familien er i Kroatia, Solveig og Øystein er i Sverige.

Den første clematisen har sprotte ut. Vi har tre ulike som har vakse seg meir og mindre saman, ein mørkeblå-lilla, ein rosa og denne lavendelblå. Det kan bli interessant.

Denne syrinbuska planta vi i går. Vi har hatt syrin før, men kvitta dei, men så kjende vi kor godt det lukta av naboen sin.


Klokkebusken blomstrar fint no, godt at ikkje alt kjem på samme tid.

Kjøkkenkassene er ulike frå år til år, i år synest vi dei blei fine, med rosa pelargonium og mørkeblå petunia.



3 kommentarer:

solveig sa...

Eg veit ikkje om eg har sett så blå petuniar før! Her har det vore sol før det vart lettskya, og halv åtte kom toreveret. No held sola på å kike fram att! Ho i resepsjonen gjekk ut då regnet kom:vi måste ha regn ellers dør mina jordgubbar!

Besta sa...

Eg gjorde bildet litt lysare så fargen er nok litt mørkare enn den ser ut. Trur ikkje det finst petunia i denne fargen.(på bildet).
Ø

Besta sa...

Den Ø en kom heilt tilfeldig (skriv på brett).

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...