fredag, juli 03, 2015

Dagbok 2015: 3.juli





 Klokka er 18.45, temperaturen ute er +18 grader, men det er overskya. Då vi la oss i går kveld / natt var tempen +25 grader og eg tok sjansen på å legge meg utan ullestar og knevarmarar. Vakna i 5-tida, då regna det ute og eg var kokt. I dag har det vore ganske fint, men ikkje så mykje sol. Derfor fekk eg både vaska og støvsuga og gjort diverse anna i tillegg. Eg føler meg "i rute" når frdagsvasken tilfeldigvis blir tatt på ein fredag. No har vi ete kjøpepizza til middag og er komne til kaffien.
Fekk melding frå Rasmus tidlegare i dag, då var dei framme i Venezia.
Kvar Solveig og dei andre er akkurat no, veit eg ikkje.


Sommaren 1963 var ein fin og varm sommar, og eg gjekk høggravid i varmen.Fødselen let vente på seg, så Nils blei nødt til å reise til Island på sildefiske, sidan han hadde fått jobb på ein båt. Eg vart lagt inn og begynte på kur den 1.juli, men Solveig kom ikkje før den tredje. Då var ho vårt første barn, mamma sitt første barnebarn og det første oldebarnet i slekta mi. Begge oldemødrene i slekta mi levde då, og begge fekk halde henne. Då overlege Wennevold kom på "visitt" spurde han kva ho skulle heite. Eg sa at eg ville kalle henne etter den fine sommaren vi hadde, så ho skulle heite Solveig. At eg ville ha eit namn på S etter pappa sa eg ikkje noko om då.
Eg vart verande på Eid til Solveig var ca 6 veker gammal, då reiste vi tilbake til Raudeberg, og mamma var med oss til Nils kom heim. Då fekk han "pappaperm" mens eg begynte i jobb igjen. Seks veker etter fødselen var permisjonen då, til tross for at permisjonen fall saman med ferien.
Bilda er frå dåpen. Mamma var gudmor; Svein, Nils og eg var fadderar. Kjoledrakta mi var i raud lin, sydd av Olina Vedvik.( Ein hadde ikkje all verdens kamera den tida, men Svein hadde eitt som var bra for den tida. Det er han som er fotograf, derfor er han ikkje på bilda).Eg hugsar dessverre ikkje datoen for dåpen, men det er vel råd å finne det ein stad.
Vi gratulerer Solveig med dagen og håper dei har det fint.



4 kommentarer:

Hildegard sa...

Koselege bilder frå 1963. Mange minner frå denne sommaren.

Besta sa...

Egsynest det er vemodig med gamle bilde frå ei tid som aldri kjem att. Åra har gått så altfor fort. Det var vel den hausten du, Bodil kom inn i familien. Første gongen eg såg deg kom du inn døra på bildet.

solveig sa...

Dåpsdatoen står på sølvskeia mi, nokre og tjuande september, meiner eg. Det skal eg finne ut heime!

Besta sa...

Ja, eg veit det var september. Lettare å hugse Rasmus, som vart døypt 3.januar, på din 1 1/2 årsdag og Margrete som vart døypt på mamma sin 64-årsdag, 14.juli.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...