søndag, juli 26, 2015

Dagbok 2015: 26.juli

Klokka er snart halv sju, temperaturen ute er + 18 grader C. Bildet rett over viser himmelen akkurat no. Elles har det vore så ymist vêr i dag. Om morgonen var det skodde og grått, men etter kvar vart det betre. 
Eg starta dagen med å lage fiskekaker av sei. Laga ikkje mykje, berre ca 50 kaker. Treng ikkje å lage meir om gongen sidan eg har jamn tilgang på fisk. Dei er best nylaga. Etter at eg hadde rydda opp, shina eg meg sjølv  litt, før vi tok ein tur til Volda. Nils hadde lyst på Kina-mat i dag. Men restauranten var stengt, eller så hadde den ikkje opna. Det var då vi såg på klokka og oppdaga at den berre var ca 13.30. Ingen av oss hadde tenkt på å sjekke tida.
Men så gikk vi på Maria`s i staden og åt pizza. Dei hadde mange andre rettar, men likar ein pizza kan ein godt ete det heile veka om så er. Det er jo det vi brukte å gjere før, når vi reiste på ferieturar.

Då vi kom heim skulle vi sole oss og kvile middag på altanen. Men det vart ei kort fryd. Eg hadde berre lege på solsenga nokre minutt før det begynte å regne. Eg les som ingen ting og tenkte det vart berre nokre dropar, men måtte gi tapt og gå inn. Då fekk eg lese ferdig boka mi mens eg strikka og drakk kaffi.
Bildet av skjærsminen tok eg frå altanen. Den buska kjøpte vi i fjor. Hugsar at "Bestemor på Hildegard" hadde ei slik buske, og den lukta så godt. Synest ikkje det er så sterk lukt av vår.
Så må eg berre beklage at eg enno ikkje har fått tid til å pusse kopar og messing, men det ser ut til at tinga får stå i fred.


1 kommentar:

solveig sa...

Regn har ikkje vi hatt i dag! Håper på ein fin morgondag!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...