Klokka er 18.30, temperaturen er + 10 grader C og det har vore ei regbyge eller to; på føremiddagen var det opplett.
Eg hadde som sagt tenkt å halde fram med malingsprosjektet, men måtte berre gi det opp. Det hadde vore greitt å ta eit strøk til når vindua likevel var maskerte, men kan ikkje utsette andre for farleg gass.
Ergo tok eg "helgevask" på bad og kjøkken, noko som det også var behov for. Elles gjekk føremiddagen med til diverse husarbeid. I dag tok vi ein lett lunsj før vi hadde pause. Nils klipte plenane i dag igjen, noko som røyner på ryggen hans.
Etter pausen shina eg opp meg sjølv og vaska håret. Godt å få vekk alt klisset som frisøren hadde oppi.
Til litt sein middag vart det steikt lyr. Det er godt, men ikkje så godt som sei.
Det har med andre ord ikkje skjedd så mykje i dag, og det kan vere like godt. Men eg skulle ønske det vart litt betre vêr så vi hadde fått rydda litt meir i hagen, eg har eit par bed som skulle ha vore stelt litt med. I morgon kveld skal Nils på fotballkamp på Høddvoll, skulle i grunnen hatt ei lydbok i reserve, for det nærmar seg slutten på "Løvetemmeren".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar