mandag, april 20, 2015

Dagbok 2015: 20.april

Klokka er 19.15, temperaturen er + 11 grader ute, og her i Ørsta har vi hatt fin sol heile dagen.
I slikt vêr kan ein ikkje late vere å lufte sengetøy, bytte på senger og vaske soverommet og litt til.Klesvask og utetørk er også heilt perfekt. Nils hadde litt ærend hit og dit, og til slutt vart det ein snartur til Hareid, og då vart eg med. I Ulsteivik låg det tjukk og grå skodde og det var ikkje skoddefritt på Hareid heller.
Eg hadde ein liten baktanke då eg vart med utover, eg ville innom Christiania glasmagasin og sjå om eg fann små kakefat. Der var alt halv pris, som vanleg. Fat fann eg ikkje, men store glas med sennep og tomatsalsa. I det vi var på veg ut, såg eg at dei hadde "Bake-it-easy" til halv pris også, så då kjøpte eg det. Der er all inclusive, så då vart fatbehovet dekka også.
Eg var innom bokhandelen her i Ørsta og leverte tilbake kortet med "nynorsk" tekst, og fekk eitt med så minimal tekst at det var uråd å få inn ein feil. Ho som ekspederte meg, kjenner eg frå Velle skule, og der var ingen sure miner.
Då vi kom heim laga Nils middag mens eg strekte på sengetøyet. Vi vart enige om å ha middagspølser i dag, sidan vi hadde så godt tilbehør. Både sennepen og salsaen smakte perfekt.
Etter middag sola eg meg på altanen med lydboka mi. Har lese to plater til no, og  boka er framleis veldig ROSA, men det skal visst skje noko fryktelig dramatisk og trist, i følge teksten på baksida av boka, og det gruar eg meg til.
Nils har funne ein fotballkamp, så eg skriv fort for å komme meg herifrå, "fotballyden" er nesten den verste lyd eg veit.


3 kommentarer:

solveig sa...

Godt de eit lite ærend her ute også! Snill bestefar som skyssa dotterdottera!

Besta sa...

Trur ikkje bestefaren hadde noko imot å køyre eit par turar, og eg er mest effektiv når eg er åleine heime.

solveig sa...

Ho er no hakket nærare setifikat no. Ein må ha stått på teorien for å få time til oppkøyring.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...