Klokka er ca19.40, temperaturen + 8,5 grader - det er overskya og grått. Igjen!
Eg hadde gledd meg på enda ein solskinnsdag, men slik vart det ikkje. Regna har det også gjort, og no ligg skodda sid etter fjellsidene. Litt av ein kontrast til vêret i fjor.
I dag kom varmepumpemannen frå Eid og reparerte og reinsa varmepumpa vår. Han heldt på i fleire timar. Eg nytta tida til vasking og rydding i kjellaren. Det er eit sisyfosarbeid, men vi kjem vel i mål ein gong.
Det leid langt ut på føremiddagen før vi kunne fare til Vik. Sok vanleg hadde vi ærend både på bibliotek og apotek. Og så måtte vi ha litt mat også. Vi møter dessutan mykje folk vi kjenner og som vi pratar med.
Det vart sein middag, det blei spekemat i dag, så no blir det vel ein "drikkfeldig aften".
Elles har eg rippa dei to bøkene eg lånte, og lagt dei inn på minnepenn til Solveig, alt mens eg strikkar og høyrer lydbok. Multitasking for alle pengane.
Håper vi kan få litt sol i morgon, så vi kjem oss ut i frisk luft.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar