torsdag, april 16, 2015

Dagbok 2015: 16.april

Klokka er ca 17.30, temperaturen er + 5 grader C. Det skiftar mellom regn-og snøbyger. Det positive er at snøen ikkje blir liggande.
I dag reiste Nils til Volda for andre gong for å få tatt sprøyta, men det blei ny bomtur. I dag var det ingen som KUNNE sette sprøyta, så han skal bort att i morgon når Elin er der.
Eg støvsuga teppegolva ganske grundig mens han var vekke, tørka støv og rydda opp.
Så fann eg ut at eg hadde to oppgåver å løyse i løpet av veka. Eg måtte finne ei sid jakke til meg sjølv, og så mangla eg avlange kakefat, sidan det eg hadde er øydelagt. Vi reiste først til Volda der eg fann akkurat ei slik jakke som eg hadde tenkt på - heilt utruleg, visste ikkkje at den fanst andre stader enn i min fantasi. Vi har sjekka nesten heile Ørsta etter kakefat før, hadde berre ein butikk igjen, dei hadde heller ikkje.
Eg var heilt sikker på at eg hadde sett slike fat i nær fortid, og hadde ein ide om at det var på PEKAS. (Den butikken ligg på veg til Fosnavåg, akkurat der vegen tek av til Måløy). Skitt au, vi tok turen, fann butikken og DER var fata. Eg kjøpte to for sikkerheits skuld. Og kva anna fann eg? Jau, HYLLEPAPIR -noko som eg ikkje har sett på mange år, og som eg saknar så inderleg. Dei hadde berre prikkete, raudt, kvitt og blått i diverse variantar, men det heldt.
Ved sidan av Pekas er der ein stor, fin Kiwibutikk som vi plar handle på når vi er der ute. I dag hadde vi ikkje tatt verken brød eller middagsmat opp frå frysaren, så eg fall for freistinga å kjøpe inn til Taco. Dermed var det fort gjort å lage eit herlig måltid då vi kom heim. Og så fann eg lydboka mi, og sofaen. No drikk vi kaffi, og så får vi sjå om vi får utretta noko meir fornuftig i dag. Eg tvilar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20.mai

 Klokka er no 18.07, temperaturen ute er  + 19 grader, og sola skin. Det har ho gjort i heile dag, men på føremiddagen var det litt kjølig. ...