tirsdag, mars 10, 2015
Dagbok 2015: 10.mars
Klokka er no 16.20 og det bøttar ned som aldri før. Men i morgon skal det etter vêrmeldingane bli SOL. Vanskelig å tru på det akkurat no. Så lite sol som det har vore denne vinteren, kan eg ikkje hugse det har vore nokon gong før. Temperaturen ute er + 5 grader.
Når det er slikt vêr blir eg enda latare enn vanleg, så i dag greip eg til det eg gjer når eg ikkje har noko anna å gjere, eg baka brød. Berre 3 stk. men til oss to varer det lenge.Det blei brødmat til "middag" også, med karbonadar og anna salt pålegg. Sidan vi skal på pensjonistmøte/fest trong vi ikkje all verda. "Festen" er frå klokka 18-21; sidan dei er i arbeid dei som arrangerer, må det bli såpass seint.Der plar vere masse gode smørbrød og bløtkaker med krem, slik som vi gamle likar.Og så plar der vere loddsal og MANGE gevinstar.
Nils fekk veden frå plenen og ned til garasjedøra f.m. i dag. Han måtte kle seg i oljehyre for å vere ute. Han sette ikkje i gang å kløyve, og det er eg glad for. Mesteparten av veden ligg att på hogstplassen- det er dei store kubbane som ligg att. Skulle ønske eg kunne stille opp og kløyve, men det kan eg ikkje, same kor kjekt eg synest det er.
Så får vi berre vere glade for at verken lyng eller rhododendron tørkar opp denne vinteren, slik som i fjor. No er Nils ferdig på badet og det er min tur.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar