Klokka er 23.30 og temperaturen er ca +3 grader. I dag har vi hatt fint og lett vêr, og endelig vart det lyst. Med lyset kjem arbeidslysta, så før middag fekk eg både vaska og støvsuga. Nils gjekk ein tur i skogsvegane, SÅ sprek var ikkje eg.
Etter lunsj var vi ein tur til Vik. Elles har eg hatt ein travel ettermiddag og kveld. Ikkje berre har eg lese ut boka mi, eg har sett mange TV program og strikka litt innimellom. Og no har eg enda eit TV program eg skal sjå......"Den unge Morse" likar eg godt. Særlig musikken. Ute skin månen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar