fredag, oktober 31, 2014

Dagbok 2014: 31.oktober

Klokka er 19.00, temperaturen er + 7 grader ute, det er mørkt, vått og ganske utrivelig vêr, no når vi har blitt så  vane med finevêr. Eg ønsker meg nokre fine tørre dagar, såpass vi får rydda i hagen før vinteren kjem for alvor. Noko av blomkarsen fraus sist natt, trur eg, Skal sette tulipanløkar i beddet når blomkarsen takkar for seg for godt.
Eg har liksom ikkje kome i siget igjen etter "ferien", så eg kan ikkje skryte av at eg har gjort noko særlig. I dag venta vi besøk av Einar. Sidan vi ikkje var heilt sikre på om han kom eller ev. kva tid han ville dukke opp, laga eg berre ei vaffelrøre. Så i dag vart det kaffi og vaflar til lunsj.
Seinare var vi ein liten tur nedover på biblioteket, der eg fekk plata som mangla på eine boka eg hadde lånt før. Litt garn kjøpte eg og litt mat.
Då vi kom heim laga vi middag, etter at eg hadde rippa eit par bøker.Steikt sei i dag ! Og så slokna eg på sofaen. Kanskje like godt, for eg sov lite sist natt, og fredagskvelden er det mykje å sjå på TV.
I dag er det 55 år sidan vi ringforlova oss, Nils og eg, på Øygarden i Solheimsdalen. Vi hadde eit lite selskap, vertskapet mitt og eit par til. Midt i selskapet fann purka det for godt å "nedkomme" med ein heil bråte med grisungar, og heile selskapet hamna i fjøset. Eg fekk jobb med å tørke av dei nyfødde ungane med ein høydott etter kvart som "jordmora" tok imot dei- det var ikkje noko eg var programmert for, for å seie det slik. Men alle sa at det var eit godt teikn for framtida vår. Merkelig kor fort desse 55 åra har gått.
Så ønsker eg alle ei fin helg, anten ein feirer Halloween eller ikkje. Gutane på Kongsberg hadde no alt klart til dagen.Og graskaret var kome i hus. Ein kan no meine kva ein vil om dagen, men det er no nokså uskyldig moro i dei fleste tilfelle.

2 kommentarer:

solveig sa...

Gratulerer!
Rart å samanlikne alderen dykkar då med alderen til ungdomane i familien.

Hildegard sa...

Gratulerer med jubilêet dykkar! Her var det stort arrangement i Idrettshallen i kveld. Nokre eldsjeler starta FB-gruppe og kalla det "Hallo venn". Bra tiltak, ikkje så kjekt at småungane går ute i vegane i regn og mørke.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...