onsdag, september 17, 2014

Dagbok 2014: 17.september.

Klokka er 19.10. Temperaturen er + 16 grader. Eg kan ikkje anna enn glede meg over alt dette fine vêret, men ser ikkje fram til den dagen det skyar over.
Føremiddagen sosa eg vekk med rydding inne og prat med naboar ute. Alt som forgår ute er positivt, vi får tidsnok sitte inne. Var nedover ein liten tur. Var innom biblio og henta to bøker som dei hadde lagt til side til meg, og Nils var på bilbutikken og bestilte sørvis på bilen neste torsdag.
Vi laga tidlig middag, det vart steikt sei i dag.Så rippa eg bøkene eg hadde lånt innimellom.
Eg hadde prøvd å ringe Ellen Marie fleire gonger, men så ringde ho meg. Vi prata veldig lenge.
Ettermiddagen var sett av til hagearbeid. Nils slo opp mot vegen, og så gikk vi laus på ripsbuskane med saks og kvern. Vi har berre to buskar, men det vart mange greiner-no ser dei velfriserte ut. Nils var litt sliten i dag, det er travelt å køyre så langt på til dels svært dårlige vegar. Det forstår eg godt.
Vi tok det ikkje travelt, men pausa så ofte vi ville.
No skal vi slappe av, og så må vi sjå Idol. Vi heiar sjølvsagt på Jeki frå Straumshamn.
Skal skrive meir om turen seinare. Veit ikkje kor stor interesse det har for andre enn oss sjølve. Men det er no frivillig å lese.

2 kommentarer:

Elin sa...

Interessant å lese om turen! Ein annan gong må de seie frå, og kome på besøk til oss!

Besta sa...

Eg tenkte nok på deg, men rekna ikkje med at du var komen heim.Interessant å reise gjennom Hyen og vidare til Sandane. Var på Rygg ein gong i min barndom, elles var dette ukjent land for meg.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...