Klokka slo nettopp åtte, dvs.20.00. Ute er det overskya, og vi har hatt ei regnbyge, elles har det vore opplett i heile dag. Temperaturen er + 15 grader C.
Nils ville ut og fiske før middag, så eg vart åleine heime. Eg nytta tida til å bake brød, og å lage kjøtkaker av ei 1 kilos-"pølse" med Gilde kjøttdeig. I dag tok eg fram Solveig si oppskrift, som er til foveksling lik den eg sjølv plar bruke. Einaste eg endra på, var at eg hadde eit par egg nedi.Eg puttar egg i det meste, også brøda eg bakar. Kjøtkakene såg gode ut, men eg har ikkje smakt dei. Likar å ha litt lettvint mat på lur i frysaren om det skulle kome uventa middagsgjestar. Då eg hadde vaska opp og rydda, kom Nils heim. Han hadde fått berre ein makrell, men ein del halvstore seiar. No for tida fiskar han makrell til agn på lina. Brøda var ikkje heilt ferdigsteikte, så vi åt resten av det gamle til lunsj.
Etter ein liten pause, sette Nils i gang med å klippe plenen på nedsida av huset. Graset veks og veks. Hadde vi hatt kyr, ville det ha vore ein fordel.
Eg gikk og stulla litt rundt, og så plukka vi alle epla som hadde falle av treet. Jus-maskina har vore flittig i bruk i det siste. Det er lettvintare å drikke epla, enn å rense dei.
Nils var ein liten tur ned på apoteket, men eg har vore heime heile dagen. Tida flyg av garde uansett. Eg har begynt på Unni Lindell sin hittil siste kriminalroman. Lenge sidan eg har lese noko av henne, og ho er ingen favoritt, men ville no ha den med meg.
Til middag i dag vart det restar frå laurdag. Ja,ja, sånn går no dagane!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
2 kommentarer:
Epla vi fekk, vart oppetne...
Vi har mykje meir, men dei er ikkje så fine-derfor drikk vi dei i staden.
Legg inn en kommentar