Klokka har passert 20.30, og vi har hatt enda ein nydelig sommardag. Rett nok var det skodde langt ned i fjella då vi stod opp, men den forsvann etter kvart. Det har vore behagelig temperatur og litt vind - ikkje for varmt og ikkje for kaldt. No kjem skodda sigande nedetter fjellsidene igjen(bildet) og temperaturen er +15 grader C.
I dag har eg vore ganske lat, har ikkje utretta så mykje og det er kanskje like godt. Nils var ein tur nedover tidlig på dag, eg hadde tenkt å handle seinare, men det vart utsett til i morgon.
Vi venta Margrete og ungane hit, for dei skulle til Ørsta og handle hundeutstyr, og så hadde Margrete noko ho skulle printe ut på printeren min.
Og når ei husmor ikkje veit kva ho skal servere til gjestane sine, kjem oftast vaffeljernet fram; i alle fall er det slik med meg. I tillegg hadde vi ei skål med jordbær som Nils hadde plukka i åkeren vår, og dei fekk "bein å gå på". Det var kjekt å få besøk no når vi liksom var litt heime åleine.
Eg har lege mykje på altanen i dag også, held på med ei lydbok på 17 CD-plater, så det tek si tid.
Var ute i hagen og jobba bitte lite grann, driv framleis og drep ugras med eddik.
Vi ser fram til å få besøk av Bodil og Svein i morgon.
Nils har fått med seg minst ein fotballkamp i dag også, eg synest eigentlig det er greitt med fotball på TV-så får eg lese!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar