lørdag, april 26, 2014

Dagbok 2014: 26.april

Klokka slo nettopp sju slag, då er klokka 19.00. Nils er ein liten tur på butikken åleine, for han hadde dusja, det har ikkje eg. Enno. Sola skin ute og det er + 17 grader i skuggen.
Eigentlig vart vêret i dag mykje betre enn forventa; mens det i går var litt kald vind, skein det skikkelig opp i dag og vart både varmt og stilt. Og då var det berre å nytte den fine dagen. Det første eg tenkte på var at no må eg bytte på sengane mens eg får tørke sengkleda ute, og det vart gjort. No er soverommet vaska og nyvaska soltørka sengklede er på plass.
Så var det slåtten. Graset måtte takast no, sjølv om der var ein og annan scilla som framleis blomstra. Eg brukte kantklippar og saks rundt plantane, men Nils slo mesteparten av graset. Vi fekk rydda heile tomta både opp mot vegen og på nedsida. Litt pratepausar med naboane innimellom vart det også tid til. Og eg fekk reinska litt ugras. 
Men i dag har vi ikkje lagt mykje på altanen og sola oss, berre ei lita stund. 
Eg kokte opp ei panne med risgraut på føremiddagen og sette den i steikomnen, den åt vi etter arbeidstid. Det vart laurdagsmiddagen i dag-med litt spekemat til.
Sidan eg ikkje kom med noko ønske om god helg i går, får eg seie det med store bokstavar i dag:
 GOD  HELG  !

1 kommentar:

solveig sa...

Eg og vaska sengkle i dag. Herleg å få tørke ute!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...