torsdag, april 24, 2014

Dagbok 2014: 24.april.

Klokka  har passert 20.30, og vi har hatt enda ein nydelig dag. Ei heil veke med strålande sol er meir enn det vi er vande med her i Ørsta. Rett nok har det ikkje vore fullt så varmt i dag som i går, og no held himmelen på å få eit lett skylag, så det er kanskje slutt for denne gong. Då får vi vere glade for at vi var mest mulig ute i finevêret. Akkurat no er temperaturen ute + 13-14 grader C. Sola er borte her hos oss, men skin framleis på andre sida av fjorden.
I morgon skal eg på kafe med veninner, sist var vi berre to, men no blir det fleire som møter fram. Vi er kollegaer frå Velle skule som møtest av og til på den måten. Det er uforpliktande for alle.
I dag tok eg bort påskepynten, som ikkje mange har sett sidan vi ikkje var heime i påska. Så støvsuga eg og vaska golva, så det skulle vere unnagjort. Eg kan ikkje gjere så mykje hagearbeid for tida, så det står litt på vent. Nils derimot prøver før ørtande gong å få til ein bringebæråker. Vi har aldri lukkast med bringebær, og i seinare år heller ikkje med jordbær. Men han gir ikkje opp. Vi vatnar både her og der, for det er tendens til tørke.
Etter lunsj låg på altanen og las bok og sola meg, for det meste, til det var tid å lage middag. I dag var det steikt sei; vi brukar å ha eit måltid med kokt og eit med steikt fisk, før vi frys resten.
I dag har eg hatt fleire ting å irritere meg over. Først fann eg opp til fleire feil i referatet mitt frå siste pensjonistmøtet, dei fleste var ikkje EG skuld i (trur eg), men korrekturlesing er visst gått av moten?
Men så hadde eg skrive Ottar Løvoll i staden for Guttorm Løvoll. Dei er søskenbarn, men det var altså Guttorm som hadde laga gåter. Og det var MI skuld, men Nils hadde lese over utan å reagere, så eg kan kanskje få litt av skulda over på han?
Det andre eg ergrar meg over er at laptoppen slår seg av heile tida, så no brukar eg "storemaskina" og den er innstilt på bokmål så eg får raude strek under alle orda. Eg må kanskje prøve å få stilt den om? så blir det kanskje færre feil i referata mine også?
Det er dumt å ergre seg over bagateller, så eg får visst la det vere.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...