Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 5 grader C, det blæs litt og regnar mykje. Ser ut til at vi må venne oss av med finevêr for ei stund. Vi var blitt så godt vande.
I dag tidlig reiste Nils på sjøen for å fiske, og eg bestemte meg for å lese mens han var vekke, må ha meir stillheit og ro når eg skal lese på papir. Gjorde sjølvsagt litt husarbeid også. Skulle berre mangle.
Nils kom heim med småsei denne gongen også, med nokre få litt større eksemplar av arten innimellom. No driv han og kokar småseimiddag-og det blandar eg meg ikkje borti.
Vi har vore ein liten tur på Nær- Kiwi og handla og så har eg sett til blomstrane til naboane, som kjem heim frå Kanariøyane i morgon. Alle plantane har overlevd, så vidt eg kunne sjå.
Jammen godt eg fekk vaska i går, hadde ikkje vore råd å ha ut verken dyner eller teppe i dag. Og godt at vi tok eit rafs i hagen mens finevêret varde.
Har hatt problem med fasttelefonen i dag, så Nils måtte kontakte Tussa. No trur vi den er i orden, men om de skulle ringe og ikkje få svar, får de prøve mobilen. Vi er heime resten av dagen/kvelden.
Ønsker alle ei god helg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Utriveleg ver her. Pappkartongar flaug mellom bygga då vi var i sentrum. Men vi kan vel ikkje klage så fint som det har vore i vinter. God helg!
Legg inn en kommentar