Klokka er ca. 20.00. Temperaturen ute er minus 4,5 grader, og det er nesten fullmåne, trur det er i morgon den skal vere heilt full.
I dag har vi vore opptekne med pensjonistmøtet det meste av dagen. Eg dusja og vaska håret før vi for nedover første gong, så var det gjort. Vi fekk på plass songbøker m.m. og hjelpte til med borddekking etc.
Då vi kom heim varma vi resten av grauten frå i går, åt og kvilte før vi pynta oss, og var på plass på Kulturhuset litt før halv fire. Sidan Nils hjelper til med billettsalet, må han møte litt tidlig. Det vart ikkje heilt fullt hus i dag, kanskje er folk kviafulle i kulden? Der var bra lunt inne til å begynne med , etter kvart begynte eg å fryse. Trur der er eit automatisk "klimaanlegg" som blæs kaldluft inn i salen.Det var i alle fall godt å kome heim att og få på seg ein skikkelig varm genser -og eld i omnen.
Møtet vart så langt eg kan bedømme vellykka, men eg vil ikkje skrive så mykje om det, for i morgon må eg skrive referat til avisa. Det er noko eg alltid gruar meg litt til, men sjølv om eg er skeptisk i utgangspunktet, kjem eg alltid i mål. No vil dei gjerne ha med til referent i "Hørselshemmedes landsforbund" også, der eg er medlem. Trur eg takkar nei.
I dag var ikkje sola langt borte. I fjor fekk vi den inn i stova for første gong den 17.januar, men då var det overskya både den 15. og 16. Det er vanskelig å vite akkurat kva tid vi får sola att, for det er ikkje klårt alle dagar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 28. april
Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
4 kommentarer:
Ja, me er nok mange som ventar på Sola. Eg prøver å observere dag og tid for første soldag her i Starevegen 5 (og truleg også 7). I år 2 år etter skotåret (2012) skein ikkje Sola den 15. jan. Eg fotograferte skinet i fjella, men randa av Sola viste seg ikkje i Solskaret. Etter tabellane kjem Sola seg over "Solskaret" den 15.jan viss det er "året etter skotåret" slik som dette vart observert år 2009. Frå 2013 såg me og skin av Sola den 15. jan, neste gong vert nok ikkje før "året etter skotåret" 2016 dvs 15. jan 2016. Snøforholda i fjella har etter mine obsservasjonar ikkje innverknad. Men kalenderen vår lagar litt krøll, for Sola går ikkje heilt i takt med skotåra, og no har vi hatt fleire skotår på rad enn det nokon nolevande menneske har opplevt. Ubroten skotårsrekkje frå 1904 og dette held fram til år 2104. Me får snart vårjamdøger på 19. mars, rart!
For å summere opp:
16. jan skin sola her viss det er klarver kvart år
15. jan kjem sola når det er årstalet eitt år etter skotåret,
Kalenderfeilen vert større og større, så i ut gjennom dette århundret, vil nok sola skine 15. jan oftare enn fjerde kvart år. Den som lever får sjå!
Takk for klargjeringa. Det har ikkje vore så lett å oppservere dette med sola, eg meinte at det var den 18 ho skulle vere her, men i fjor kom ho den 17. Det er ikkje så nøye, for så vidt, men det du skriv om skotåra har eg ikkje tenkt på.
Eg ber om "godt og tenleg ver" så eg kan få gjort observasjonar i morgon 16. jan, men eg fryktar skyene kjem i år også.
Legg inn en kommentar