lørdag, august 17, 2013

Dagbok 2013: 17.august

Klokka er snart 20.30. Temperaturen ute er + 15 grader, det er overskya, men opplett. Tidlig på føremiddagen såg det ut til at vêret kunne bli veldig fint, men det varte ikkje lenge.
Nils var ein tur til Vik og stod på stand ei stund, mens eg styrte litt i heimen. Han kom heim og henta meg, og så for vi til Volda. Tenkte det var best å hamstre inn litt lestegarn i tilfelle eg skulle få strikkeånden over meg. Mens vi likevel var der borte, kjøpte vi oss lunsj/ middag på Landscape. Godt med litt Kina-mat innimellom all fisken. Fikk god mat i dag. Vi prøver nye rettar kvar gong. Sidan Coop-Mega er i samme huset handla vi der. Trefte ein gammal kollega som eg ikkje har sett på mange år- han hadde ikkje forandra seg mykje.

Eg hadde med fotoapparatet i dag, så då vi var på heimveg, tok vi vegen over Morkaåsen for å sjå det nye bustadfeltet, blant anna. I sprekare dagar brukte vi ofte å gå frå fabrikken i Hovdebygda, langs vatnet til Ytrestøylen og Håskjold og over åsen til Furene, Åsentunet og rundt. I dag køyrde vi altså (andre vegen) og eg gikk ut for å ta bilde av bustadfeltet og utsikta.Kan vere kjekt å ha bilde på bloggen som ikkje er tatt frå altanen eller trappa vår.
Men batteriet på kamera var heilt flatt. Litt irriterande, då, men det same hende sist gong vi køyrde rundt Berkneset. Heretter må eg bli flinkare å sjekke. Men det er så mange ting som skal laddast at det er ikkje godt å passe på alt.

På heimvegen fekk eg så lyst på jordbær med fløte til dessert. Fløte hadde vi i kjøleskapet, så det blei å stoppe på REMA 1000 og kjøpe jordbær....ja, det vart no litt anna også!
Etter at vi hadde ete jordbær med fløte og drukke kaffi, vart det pause.
Så for Nils for å fiske makrell frå land og kom att med sju stk.
Eg nytta høvet til å lese i boka mi, men så fekk eg telefon frå ei som eg ikkje har høyrt frå på mange herrens år. Nemlig tremenningen min, Aud, opprinnelig frå Innvik. Det vart ein lang prat, både om fortid og notid. Det er mykje som kjem fram i minnet i slike høve. Praten fekk ein brå slutt, trur ein av telefonane vart tom for straum.
No lid det så langt at eg visst må slå frå meg trimturen i dag. Får ta dobbel dose i morgon, kanskje.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Det er veldig kjedeleg å få tomt batteri på fotoapparatet. Det vart ei ny tid då eg fekk eit ekstra batteri så eitt kan vere opplada i reserve i ein lomme i cameraveska.

Besta sa...

Det var eit godt tips. Men det kan no hende eg kan skjerpe meg litt også. Hadde det vore ein lengre, planlagd tur hadde eg nok sjekka.

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...