Bildet over er tatt klokka 11.30.
Klokka har passert 13.00, temperaturen er ca 0 grader C ,og akkurat no er det opplett mellom snøbygene. Som de ser har det kome litt snø, og no håper eg at den blir liggande. Det er fint og lyst med snø-og så blir det kanskje sparkføre?
Nils og eg har vore ute og gått ein tur, eg hadde broddar på skorne, og det trur eg var lurt.
Før vi gikk tur hadde Nils hatt ein liten jobb med å moke tunet, men det er slikt han likar. Eg rydda og styrte på kjøkkenet, vaska kjøleskapet m.a. Eigentlig skulle eg treffe ei veninne i dag, men så kom det noko i vegen og vi må ta det att ein annan dag. Eg har nok å ta meg til, det er ikkje det, men alt er ikkje like freistande, så då blir det sett på vent.
I dag har vi funne fram ein rest av ferdigsteikt svineribbe til middag, det minkar heldigvis på restane. No skin sola inn i stova, så om det klåner opp no, har vi sol det meste av dagen. Det kjennest bra. (Berre eg let vere å sjå på vindua!)
Ønsker alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar