Klokka er snart 17.30, ute er det skodde, regn og grått. Temperaturen er + 2 grader C. Vi har vore velsigna med mykje fint vêr i vinter, sjølv om det har vore litt kaldt somme dagar. Vi har hatt mykje sol og lys, så ein får ein liten "dett" når det brått slår om til gråvêr. Får ikkje lyst å gå ut i alle fall. I dag har eg for det meste site og strikka. Nils har svinga opp med erter, kjøt og flesk til middag. Det var vanlig søndagsmiddag den tida han vaks opp på kysten. Den tida dei ikkje hadde fryseboks og knapt nok elektrisk lys. Det året eg budde i Solund hadde vi denne retten kvar søndag, og eg synest framleis det er kjempegodt. han ser sport på TV i ledige stunder og oppdaterer meg om diverse medaljar. Har ei bok på øyret innimellom men har ikkje fått opp interessa enno, så det går treigt.
Bildet tok eg frå altanen nettopp, prøver å teste ut apparatet under alle forhold. Det var såpass mørkt at blitzen gikk av.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Går det an å få oppskrift på dette? Kanskje det står i Vestlandsmat? For meg er mildveret ei velsigni g, gjekk ein relativt lang tur i dag.
Legg inn en kommentar