Klokka er ca 16.00. Temperaturen ute er + 3 grader C; det er skya ,men opplett. Vêret har blitt lettare enn det var tidlig i dag.
Det har vore ein sløv dag så langt. TV har stått på heile dagen med ymse skirenn og anna. Eg har strikka ein del og gjort litt forefallande husarbeid. Vi tok det lettvint med middagen i dag, steikte fiskekaker etv. Ikkje berre skal vi i kaffiselskap litt seinare, men vi skal ha ein litt kraftig middag i morgon når Margrete og Co kjem. Lenge sidan sist dei var her på mandagsbesøk no, så det skal bli kjekt.
Kusina mi, som bur på Austlandet, ringde før middag og vi hadde ein hyggelig prat. Elles skjer det ikkje så mykje.Ser fram til at dagane blir lengre og lysare så ein får vere meir ute. I hagen er det vårlig, men sidan det er både vått og frose fristar det ikkje akkurat med hagearbeid. Vi vart ikkje ferdige med oppryddinga sist haust, nemlig.
Gler meg til den nye NRK-serien "Halvbroren"-har lese boka og den var heilt magisk. Så då er det store sjansar for å bli skuffa. Boka er skriven av ein av favorittforfattarane mine, Lars Saabye Christensen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 23.januar
Frå altanen til Skåla i dag i 14-tida Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 8 grader og det er ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Eg tykkjer hagen dykkar er ryddig og fin. Lett å slå med plenklyppar til våren.
Legg inn en kommentar