Klokka er no ca 20.30, temperaturen ute ca + 6 grader C. Det har vore oveerskya og mildt i dag også.
Sidan eg ikkje somna før langt på natt, for ikkje seie morgonen, var vi heller seint oppe. Og tilsvarande seie å komme oss ned på Amfi for å handle.Ja, heile dagen vart i grunnen litt forseinka. Gjer det noko?
Vi fekk no handla det vi skulle og etterpå tok vi oss ein liten tur bort og såg på ELDHUSET som ligg på Mosflata. Der brenner dei ein slags flis og produserer varme til fleire store bygg i Ørsta. Eg har ikkje sett det på nært hald før.Vi gikk ein tur ned til elva for å få litt frisk luft.
Så tok vi oss like godt ein liten biltur før vi for heim att.
I morgon er vi invitert til kaffi hos nokre naboar og mandag håper vi Margrete og ungane kjem til middag.
No høyrer vi på Øystein Sunde, og så skal eg endelig sjå filmen Mama Mia. Begynte å sjå den 1.juledag i fjor, dvs. det var i 2011, men då kom Dagmar og sløkte fjernsynet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar