Klokka er snart 22. Temperaturen ute er +5 grader C og det kjennest nesten som sommar.Noko særlig nedbør har det ikkje vore, men det kan bli farlig glatt på asfalten når det "skyt opp" is.
Dagen har gått som ein røyk. Litt småjobbing på føremiddagen før vi tok turen til Rjåneset, der eg gikk ein bitte liten tur på stien - med kamera som vanlig. I dag møtte vi ikkje Kjetil Stokkand, så Nils trur at han kanskje har fått ei kjensle av vår.
Etter at vi hadde ete middag, la eg meg på sofaen og somna som ein stein-noko eg ikkje hadde berekna. Då klokka var vel 17.00 kom Margrete, Ingeborg og Amanda og henta meg. Vi skulle på kino i lag i dag, det var planlagt. Filmen "Les Miserables" var fantastisk", Margrete såg den for andre gong. Dei syng i staden for å snakke gjennom heile filmen, men det er likevel ikkje som opera. Det er mange vakre songar, og dei fleste har ein høyrt før.
Og så var det rett heim til "Halvbroren", så i dag har det ikkje vore mulig å kjede seg. Det gjer eg forresten aldri. Ikkje har eg fått strikka noko særlig heller, men det går framover med genseren, trur det skal gå bra.
Det er båten vår som ligg i framgrunnen, åleine. Berre ein liten Pionér.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 5.mai
Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
3 kommentarer:
Kjekt du fekk sett filmen! Eg vart imponert! Tippar det vert nokre Oscar!
Kjekt du vart med! Eg har tenkt å få med meg både Anna Karenina og Victoria på kino, forresten.
Ja, får ein først smaken på film på kino, så er det gjort!
Legg inn en kommentar