Himmelen i aust ca klokka 12.00.
Nils kom heim med seifangst klokka 13.00.
No er klokka 17.00, temperaturen minus 4 grader og eg trur det har skya over litt. Det er i alle fall mindre kaldt enn før.
Denne dagen, som alle dagar, har gått altfor fort, og ikkje altfor mykje har blitt gjort. Før middag fekk eg skrive referatet mitt, lagt i hop ein klesvask og vaska golva. Då kom Nils heim og vi stelt til middag.Sidan vi åt oss stappmette på småsei, blei vi nøydde til å ha oss ein liten middagslur, før vi drakk kaffi. Stort lenger er vi ikkje komne, men no har eg tenkt å rydde opp i nokre papirer etc. I morgon får vi ta oss saman å få kjøt litt meir julegåver-trur eg.
Elles så er her nok å gjere for den som vil, men i kulden er det best å vere nær omnen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Stilig kar, kjekt å få fersk fisk. Juletallerken i lag med Signe og Kåre på hotellet for oss, god mat og koseleg samvær med to spreke pensjonistar på over 80 år.
Det er sosialt samver som er viktig både i jula og elles. God mat er sjølvsagt heller ikkje å forakte.Og kjekt når alle kan vere fri.
Legg inn en kommentar