søndag, november 18, 2012

Vêrmelding 18.11. 2012

Klokka er 17.15 og det er mørke natta ute, så det er litt vanskeleg å forstå at det ikkje er seint på kveld.
Temperaturen er + 3 grader C.
I dag vakna vi til ein skikkelig grå morgon, med snø langt ned i fjella-det er ikkje så mildt lenger som det har vore siste tida. Rundt klokka 14.00 kom sola i Osskaret og skein inn i stova, og då måtte eg ta bilde.Når ein vender kamera mot himmelen, blir det litt mørkt på jorda, det reknar eg med at alle forstår.
Sola er her enno- det er godt å sjå.Og det vart lyst ei lita stund.
I dag har vi hatt ein lat dag! Før middag sat eg framfor datamaskina og strikka mens eg høyrde ferdig Trude Teige si bok.
Til middag i dag var det restar frå i går, og  til kaffi hadde vi eit ganske stort kakestykke som vi delte. Dermed vart det enda ein dag med overfóring! Men no blir det ikkje meir godt før til jul! Dersom vi kan unngå det. Ein føler seg betre med litt mindre mat, for å vere ærlig.Særlig når ein ikkje kjem seg ut for å gå det AV seg.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Vått og mørkt her også. Eg har vore ivrig å strikke på Mariusen til Kristine og lytte til lydbok. I går var eg på Korkafe/basar i Valhall, kjekt å høyre "levande" korsong og musikk. Svein held på med eit måleoppdrag. Resultatet var at det ikkje vart handla til helga, så i dag har vi hatt enkel middag og avslappande innedag.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...