mandag, oktober 08, 2012

Klokka har passert 18.00. Temperaturen er + 5 grader C og no har det endelig slutta å regne, i alle fall for ei stund. I dag vakna eg stiv og støl i heile kroppen, ikkje rart sidan det var snø langt nedover i fjella. Denne gongen hadde også Melshornet fått sitt.
Hadde ingen spesielle planar for dagen, men Nils hadde eit ærend ned på Clas Ohlson, så eg blei med. Var så vidt innom før helga. Det er ein stor butikk som held til i 2.etasje på Amfi. 
Når ein kjem inn på store, ukjende butikkar, blir det ofte til at ein blir gåande å leite. Ikkje hadde vi skaffa oss katalogar heller. Etter at eg hadde funne klessnora som eg leitte etter, oppdaga eg at der var ein dataskjerm der ein kunne søke etter produktet, for så å få hyllenummeret. Eg prøvde med ordet "klessnor". Ingen treff. Så såg eg at det stod "tvettsnor" på svensk , men heller ikkje det funka. Ein ung sørlending kom og ville hjelpe; då kom det fram at det heiter "tørkesnor", på norsk. 
Eit godt råd til alle som leitar, finn katalogen og bruk den. Nils kjøpte ny slange til dusjen, for ca 1/3 av prisen hos rørleggaren.
Det blir nok smalhans for andre butikkar etter at Clas  har flytta inn på Amfi." Den enes brød, den andres død." Men det er ein "krig" mellom kjeder, ikkje personar.
Til middag i dag vart det nr.2 av dei fire billigpizzaane. Denne gongen piffa opp med diverse pølser, ost og tomatar. Så var eg så syndig at eg la meg på sofaen med lydbok, noko som i utgangspunktet var dømt til å mislykkast. Trur eg har fått sovesykja, men får håpe eg held meg våken under operaframsyninga i morgon. Har høyrt rykte om at ein av ørstapensjonistane sov seg gjennom heile Tryllefløyten i fjor.
Har ikkje gjort det skapte grann i dag, men no skal eg tømme både oppvaskmaskina og tørketrommelen, og kanskje strikke litt?

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Claes Olsson er ein kjekk butikk å handle i,har vore innom den på Moa fleire gonger. Litt meir varer for damer enn Biltema.

Besta sa...

Ja, etter at eg oppdaga den dataskjermen blir eg kanskje kunde?Lyt no sjekke katalogen før neste besøk!.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har skrive eit svar til deg på bloggen min. Eg vakna også stiv og støl, men klarte likevel å vaske alle kjøkkenskapa, som var målet mitt i dag + å vaske x antal maskiner med klede. Men måtte starte forsiktig....

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...