onsdag, september 12, 2012

Vêrmelding 12.september - 2012

Klokka er no 20.00. Ute er det regn og grått og temperaturen er +7 grader C. Det har kome eit lite "melis-dryss" på fjelltoppane dei to siste dagane, men eg håper vi får mange fine, varme dagar både i denne månaden og den neste.
I dag reiste Ellen Marie og Mixie, og det var jo vemodig, vi har prata og prata i fleire dagar, så eg var heilt hæs. 
Men vi måtte berre hive oss rundt og komme oss på møte på Kulturhuset. Eg hadde skulka forarbeidet i dag, men Nils stilte som vara, så var greitt. Det er  einaste gongen eg har svikta, som regel stiller vi begge to.
Det var, så langt eg kan vurdere det, eit vellykka møte. Eli er ein flink leiar, og flinke folk var det til å underhalde og orientere.
Då vi kom heim varma vi opp suppa frå mandag, men no gjeld det å halde seg våken til leggetid. Sov dårlig sist natt av ein eller annan grunn, eller kanskje utan grunn.
I går venta vi heile dagen på at dei  skulle ringe, dei som ville komme på besøk, og i dag ringde dei. Mens vi var på Kulturhuset, og møtet var begynt. Nils gikk ut og snakka med dei. Og det var det besøket! Eg måtte vere til stades inne sidan det er eg som refererer frå møta. No sit eg her åleine, for Nils gikk ut, sikkert for å unngå å somne i stolen.
Bildet er frå turen i går.
Takk for denne gongen, EllenMarie.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...