søndag, september 09, 2012

Bok nr.46 - 2012: Jakthundene.


Jakthundene
Frå nettet:
William Wisting suspenderes og settes selv under etterforskning mistenkt for å ha fabrikkert bevis. Han var etterforskningsleder i en av landets mest medieomtalte straffesaker, da unge Cecilia Linde ble drept. Nå, 17 år senere, har det kommet for en dag at bevisene som felte gjerningsmannen var forfalsket. Mediene værer nytt blod.
Wisting har brukt hele sitt yrkesliv på å jakte på forbrytere. Nå er det han som er byttet, og han må arbeide på egen hånd og i skjul for å finne ut hvem av deres egne som konstruerte det falske beviset, og hva som egentlig skjedde den gangen. Han får hjelp av journalistdatteren Line, men også fra svært uventet hold. Så forsvinner en ny, ung kvinne. Det blir starten på et nervepirrende kappløp.

Mi meining:
Når ein les lydbøker kan opplesaren gjere mykje til eller frå, og han som les denne boka har eit stemmeleie som rett og slett irriterer meg. Elles les han godt, men eg forstår eigentlig ikkje kvifor han brukar tjukk  L når hendinga er lagt til Vestfold? I Tønsbergdistriktet.
Elles plar Jørn Lier Horst alltid få gode meldingar på krimromanane sine, ein får vel helst kalle dei politiromanar. Og han leverer alltid godt handverk, skildrar politiet sitt nitide arbeid for å finne sanninga.
Det er berre det at alt er så til dei grader oppbrukt for oss som les mykje krim. Der er ingen overraskingar liksom, reine plankekøyringa og ikkje særlig spennande.
Har eg sagt at eg er lei krim?. Ja, eg er det, men somme gonger inneheld også krimromanar noko ekstra som gjer dei lesverdige. Det kan vere spennande språklige formuleringar eller ei interessant bakgrunnshistorie. Denne boka kjem i kategorien  "heilt grei"-men ikkje noko meir.
At historia handlar om bortførte unge jenter vart litt spesielt midt opp i Sigrid-saka.Litt for aktuelt liksom.

3 kommentarer:

Bjørg sa...

I dag etter trimmen sat eg og drakk kaffi i lag med 5 - 6 damer og menn. Ei av damene var svigermor til han Jørn Lier Horst. Det vart ein del snakk om bøkene hans. Du skulle jo ha vore der. Eg har lese veldig få krimbøker. Ho skrytte av dei bøkene han skriv for ungdom.Han bur i Stavern og jobbar i politiet i Larvik.

Besta sa...

Grunnen til at eg les så mykje krim, er at eg er avhengig av lydbøker.Og der er det mykje krim.
Jørn Lier Horst skriv gode politiromanar, det er berre eg som har fått nok.

Bjørg sa...


Eg har lese eit par Henning Mankelbøker og likte dei godt. Så kanskje eg skal prøve Horst sine no då. Men det blir ikkje så mykje lese. Har fleire liggjande og vente.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...