lørdag, juni 09, 2012

Vêrmelding 9.juni - 2012

Klokka  har passert 20.00, men enno skin sola ute. Det har ho gjort i heile dag, sjølv om temperaturen ikkje har vore så veldig høg, og det har vore  spreidde skyer på himmelen. Akkurat no viser gradestokken + 17 grader C.
Eg har bestemt meg for å nyte kvar einaste solskinnsdag, så no har det blitt mange late dagar. I dag var vi ein liten tur på Amfi, for å handle og treffe folk, så var vi ute i hagen og jobba litt. Til middag koka eg risengrynsgraut, og mens den kokte, rensa eg rabarbra som eg fraus. Har tenkt å lage syltetøy når eg får litt meir å koke av.
Elles har eg lege på altanen og lese krim, men rett som det er tek eg over og diktar i hop noko røl sjølv, så eg må lese kapittela om att. Lydbøker er god sovemedisin, sjølv om eg no held på med ein ganske bra krimroman.
No skal eg gå ut og sjå om eg finn noko fint å ta bilde av.God helg!
Det er ikkje så mykje som blomstrar enno, men det er like før det blir fullt flor i hagen -om veret held seg. Men ballblomen lyser opp nedst i hagen. Somme stader i Nordland veit eg at denne blomsten veks vilt og dekker store enger.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg har plukka ballblom på engene oppe i lia i hele min barndom.
Wenche

Besta sa...

Då er det altså ikkje berre nordpå dei veks vilt! Eg har ei veninne som var lærar i Nordland i sin ungdom-det var ho som fortalde om ballblom-engene.

Dagbok 2024: 19.novemger

Klokka er no 18.00, temperaturen er under 0, kanskje minus 5? I dag har eg hatt ein sløv dag. Det einaste jobben eg har gjort, er å lage ei ...