søndag, juni 10, 2012

Vêrmelding 10.juni - 2012

Klokka er 21.30, temperaturen er + 10 grader C og dagen er snart over.Det har vore overskya opphaldsvêr i heile dag, og ingen varme.  Her er det framleis "ettermiddag"-vi har ei litt skrudd døgnrytme.
Før middag var Nils ut i havna, no har han endelig fått rette båtplassen. Det bles litt for mykje til å fare utpå, han prøvde å fiske makrell frå land, men fekk ikkje napp.
Eg støvsuga og rydda litt i huset, gjorde  unna litt "kontorarbeid", skreiv mail etc. Torde ikkje lage middag for det tilfelle at Nils kom heim med fangst.
Sidan han ikkje gjorde det, smelte eg i hop ein rett av spaghetti og kjøttsaus. Den gikk sjølvsagt ned på høgkant- som det meste her i huset.
Etter at vi hadde slappa av litt og drukke kaffi, har Nils sett fotball, mens eg har vore heilt hekta på lydboka som eg held på med. Det er "Hypnositøren" av Lars Kepler. Den er på 14 CD-ar og eg held på med CD 11.Eg må legge kabal på data eller strikke mens eg les, elles begynner tankane å farte heilt andre stader.Reknar med å bli ferdig med boka i morgon.

2 kommentarer:

solveig sa...

Kepler har eg sansen for!"

Besta sa...

Har ei til liggande på maskina.
Trur han (dei) har skrive berre tre hittil.

Dagbok 2024: 19.novemger

Klokka er no 18.00, temperaturen er under 0, kanskje minus 5? I dag har eg hatt ein sløv dag. Det einaste jobben eg har gjort, er å lage ei ...