mandag, juni 11, 2012

Bok nr.24 - 2012: Hypnotisøren

Bak forfattarpsevdonymet "Lars Kepler" står ekteparet Alexander og Alexandra Coelho Ahndoril.
Dei har til denne tid kome med tre bøker
1. Hynotisøren (2009)
2. Paganinikontrakten (2010)
3. Ildvitnet (2011)

Eg har lese Paganinikontrakten før, og Hypnotisøren noIldvitnet har eg liggande på datamaskina.
Det er litt greitt å lese bøkene etter kvarandre, så slepp ein å rote med all verdens privatliv på samme tid..
Eg har likt bøkene godt, men språkmessig kjem dei ikkje opp mot Leif GW Persson og Jussi Adler Olsen, som er favorittane mine for tida.
Det eg har likt ekstra godt med Kepler sine bøker, er dei "attåt-opplysningane" eg får mens eg les om til dels groteske brotsverk.Eg likar også at det står både ein mann og ei kvinne bak forfatterskapen, det gir liksom ein dobbel dimensjon. Men her er mange "skjønnheitsfeil" i språket, til dømes er det ikkje nødvendig å nemne den finske aksenten til etterforskaren fullt så ofte, heller ikkje håret og freknene til ein av hovudpersonane.Eg trur eg likte denne boka betre enn Paganinikontrakten
Når eg les lydbøker, ser eg handlinga som ein indre film, og denne boka hadde blitt ein spennande film på mange måtar. Det er ikkje stor litteratur, kanskje ikkje meisterlig krim heller, men bøkene får terningkast fem og seks og for meg er det god underhaldning.Veit ikkje om ein kan bruke ordet "page-turner" når ein les lydbok? Nils Nordberg les og han er ein av favorittstemmene mine.No skal eg lese Ildvitnet-og den er det Håkon Strøm som har lånt stemme til. Han er flink å lese, men har ikkje så behagelig stemme som NN.
Å skrive om handlinga i krim-bøker synest eg ikkje er nødvendig, men for dei som vil vite meir, er der stoff på nettet.
Bøkene er ikkje for krim-pyser, men Solveig og eg likar dei godt.

2 kommentarer:

solveig sa...

Nei, vi er ingen pyser ;-) ! Eg liker grotesk krim i alle fall!

Besta sa...

DEt var no ikkje direkte grotesk-ikkje som Mo Hayder og chelsea Cain.

Dagbok 2024: 19.novemger

Klokka er no 18.00, temperaturen er under 0, kanskje minus 5? I dag har eg hatt ein sløv dag. Det einaste jobben eg har gjort, er å lage ei ...