Klokka er 19.15, temperaturen er + 12 grader C, det er overskya og opphaldsver.
Eg har vore relativt lat i dag. Sette meg til å lese og strikke midt på føremiddagen, og slikt går no ikkje an !
Derfor måtte eg ha meg ei lita lufterunde no på ettermiddagen, og valde å gå ein tur i skogsvegane. Den tid eg gjekk mykje og vasa opp i skogen åleine, hadde eg alltid mobiltelefon med meg og for at Nils skulle forstå kvar eg var om eg trengde hjelp, hadde vi laga eit kart og sett namn på alle vegane. Eigentlig heiter heile vegsystemet Fonnavegen og består av ein hovudveg med mange sidevegar.
I dag gjekk eg strake råsa oppover, og snudde ikkje før eg var nesten heilt oppe. Eg har store problem med å snu når eg går tur, derfor likar eg godt å gå rundar,t.d. rundt vatn etc.
I beste fall hadde eg tenkt at eg skulle kome meg opp i Svingen i dag-men så berre heldt eg fram.
Å ta bilde på vegen motiverer meg, og i dag fotograferte eg heile
tilbakevegen, det kan no mangle nokre meter her og der, men det meste er
med. Dersom de heller vil gå oppover, er det berre å snu filmen.I´ll
never walk alone.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar