Klokka er 21.00, temperaturen på trappa er+18 grader.
Det har vore ein strålande dag. Eg hadde no tenkt meg til med både det eine og det andre, men når ein er så syndig at ein ikkje vaknar før sola står høgt på himmelen, er det berre ein ting å gjere: Komme seg ut. Det er så få soldagar her hos oss at då berre MÅ eg vere ute. Før middag sat eg stort sett og prata med Marit som passa barnebarnet som sov i vogna si.
Nils og eg var ein snartur på butikken og handla mat, såpass vi fekk litt å bite i. Eg la meg på altanen med lydbok etter at eg hadde lagt i hop ein klesvask og litt småtteri. Det var litt vind så det var akkurat passelig varmt til å ligge der å lese og sove.
No har eg skrive ferdig reiseskildringa mi frå pensjonistturen. Det var ein flott tur, men det vart mange timar i buss. Dersom ein skulle ta denne turen frå Eid t.d. ville eg anbefale to overnattingar.
Når eg skriv så mykje her og legg inn så mange bilde, er det mykje for min eigen del. Hugsen min er ikkje heilt på topp. Dersom ein er pensjonist har ein høve til å sjekke yr.no og ev. ta turen når veret er godt. Dei sa det på Veiholmen at dei hadde ikkje mange slike dagar for året.
No er eg åleine heime, for Nils og Hassan er på sjøen for å finne ut om makrellen er komen.
Eg må skrive bloggen på Mozilla for tida, det er berre der det funkar, og her er det så små bokstavar at eg skriv meir feil enn vanlig, så eg må ofte rette fleire gongar.
Ønsker alle ei GOD HELG!No er det sol på Melle, men ikkje her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar