onsdag, juni 06, 2012

Vêrmelding 6.juni - 2012

Klokka er no snart halv ti, temperaturen er +11 grader og det er nydelig ver ute.
I går kveld på denne tida vandra vi omkring i gatene (!) på Veiholmen, så langt vest vi kan kome på våre kantar. Havet låg som eit speil, så stilt var det, og sola skein, til ho vart borte bak nokre skyer. Elles er det ikkje lange stunda ho er under horisonten der ute.
Vi var med andre ord ekstremt heldige med veret og turen elles.
MEN  ...det blir mykje busskøyring og det går heilt rundt i hovudet mitt enno, så eg får fortelle meir om turen seinare.
Men ein ting kan eg opplyse om. Namnet Veiholmen, har før heitt Veidholmen, og det er gjerne det folk seier. Det står ulikt på karta, men i dag fekk vi ei lokal gaid til å forklare namnebytet. Dei har funne ut at Veiholmen er rette namnet, men det har ingen ting med vei eller veg å gjere. Nanet kjem av det gamle ordet "vegr" som tyder drikkevasskjelde. Elles fekk vel dei fleste av oss eit lite sjokk då vi såg kor mange hus og gater der var på denne vesle øya.
Vi budde i 2.etasje i huset til venstre i bildet. Vi sat ute i "bakgården" til klokka var ca 22.
Elles vil vi gratulere Olaug som fyller 15 år i dag. Som vanlig på "Svenska flaggans dag"

3 kommentarer:

solveig sa...

Artig å sjå! Det er nok ein del turmål i dagsavstand!

Besta sa...

Langt å reise til Smøla-må ha ei overnatting. Øystein og du skulle høyrt den lokale gaiden. Han var fantastisk. Sei til Øystein at der er stoff til ei bok, minst!

solveig sa...

Eg har aldri vore på dei klantar!

Dagbok 2024: 18.november

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er så vidt over 0 grader. Det var mykje snø då eg stod opp i dag og det har kome mykje meir no. Eg syne...