torsdag, juni 07, 2012

Turen til Smøla. Kapittel 1.

Dette kan bli eit langt kapittel til slutt, men no skriv eg berre litt om reiseruta.
Turen herifrå og til Molde er så kjend, at den hoppar eg over. Vi hadde sightseeing i Molde; sjåføren, Ola Rangseter fungerte som gaid. Han er godt kjend i området, ikkje berre har han hatt mange bussturar dit, hen har også studert ved høgskulen der.
Så køyrde vi innover, godt forbi flyplassen og vidare over høgda og ned til Batnfjorden, der landets første bussrute vart oppretta ein gong på 1920 talet. Vi køyrde eit stykke forbi brua som bind Kristiansund saman med fastlandet, og kom til Vikaneset havhotell der vi åt lunsj. Verten fortalde at sjøbuda, som no var hotell og restaurant, i si tid hadde vore klippfisklager. Det kunne vi sjå i taket, der det var eit sprinkelverk som hadde tent som oppheng for klippfisk.
Dei hadde tent på peisen of gjort det veldig fint, med nydelig dekka bord. Vi fekk ein gryterett av oksekjøtt med ris; og bjørnebær, is og kaffi til dessert. Verten fortalde også om han som hadde bygd opp denne staden og "klippfiskindustrien" her. Ute var det ein minnestein.



Så køyrde vi tilbake same vegen, fann brua og tunnelen og kom til Kristiansund, der vi ikkje stoppa, men køyrde vidare og tok ferja over til Tustna.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.november

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er så vidt over 0 grader. Det var mykje snø då eg stod opp i dag og det har kome mykje meir no. Eg syne...