tirsdag, mai 01, 2012

Bok nr.18 - 2012: Englemakersken

Eg har sagt det før, og det gjeld enno: Camilla Läckberg er ikkje min favoritt. Til tross for det har eg lese alle bøkene hennar, og eg har til og med "valfarta" til Fjällbacka for å sjå denne staden som eg har blitt kjend med gjennom bøkene. Som regel har ho gode og spennande saker som blir løyste og vi får forklaring på alt til slutt. Innhaldet er altså ikkje noko å seie på.Eg har likt godt dei filmatiserte utgåvene av bøkene hennar, dei er meir fokuserte. 
Kva er det så som er gale med bøkene hennar etter mi meining? Jau, det er forma. Språket er kjedelig og masete, med alle sine digresjonar og banalitetar. Som eg plar seie"her er for mykje te og bollar", for mykje som ikkje har noko med forteljinga å gjere. Ser ikkje bort frå at mange likar alt dette pratet om privatlivet til dei involverte, men for meg blir det for mykje. Og Solveig skriv om svigermora til Erika som blandar seg bort i alt, men til hennar forsvar vil eg seie at ho er god og ha når tre små barn skal passast. Og ho er trass alt over 70 år.(Eg kjende at eg på ein måte forstod henne.) Og Solveig, her ryggar dei bakover.
I denne boka, som i dei andre bøkene hennar, er det ein ekstern forteljar som flyttar seg rundt i tid og rom, det fungerer ikkje alltid like godt i lydbøker.
Etter å ha lese Jussi Adler Olsen var dette ein nedtur. 
No skulle eg ta fatt på ta fatt på Mo Hayder, men så viser det seg at det manglar mange spor på CD 9, og boka er levert tilbake på biblio.Dermed skal eg prøve meg på ein "bestseller"- "Orkidéens hemmelighet" . Say no more.

5 kommentarer:

solveig sa...

Men mamma, du hadde aldri kome med slik openlys kritikk mot svigerdattera di! ;-)

Besta sa...

Nei, det håper eg virkelig! Men ei sak har som regel to sider -minst.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
STRIKKEMOR(O) sa...

På ein måte likar eg rammeforteljinga i desse bøkene, men på den andre sidan blir dei unødig lange. Eg blir litt utolmodig og vil ha fortgang i saka....

Dagbok 2024: 14.november

Klokka er no15.43, temperaturen ute er + 8 graderC, og det er åt å mørkne aldri så lite. Då eg køyrde til treninga i dag, var det litt sol, ...