Klokka har passert halv sju og det går mot kveld. Temperaturen er +11 grader C og det har vore ein fin dag med sol og litt vind. Nils gikk i tog på føremiddagen og eg nytta fineveret til å henge ut nokre golvteppe og vaske golva m.a. TIl middag laga eg herlig fiskesuppe, og etter at vi hadde ete altfor mykje av den la vi oss på altanen og sola oss. Eg er blitt ganske brun, men berre i ansiktet, for det er ikkje varmt nok til å kle av seg. Eg låg og las i ei bok som eg no snart er ferdig med. Strauk litt klede også-med bok på øyret.
I dag fyller søskenbarnet mitt i Stryn 70 år. Mormora mi hadde berre fire barnebarn, og Kjell er den yngste av oss fire. Jubileet skal feirast i juni månad, og det ser vi fram til. Vi gratulerer med dagen!
Håper alle har hatt det fint i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
God 1. mai! Vi feira dagen på hytta med Kristine og Mira. Reiste utover søndag og kom heim att i kveld.Besøk av Stein og Margunn i dag. Vakkert ved havet,men litt kald vind.
Kald vind her også. Ikkje alltid vindet tek på altanen vår, men i dag gjorde den det. Vanskelig å halde greie på vindretningane her mellom fjella, men eg trur det var nordavind.
Legg inn en kommentar