Klokka er no snart halv åtte, og enda ein dag er snart omme. I dag har det stort sett vore regn og yr ute og ikkje altfor fristande å gå ut.Temperaturen er no +4 grader C. Dei to største gutane og eg var ein tur ned på Vikemarka etter lunsj, elles har vi halde oss inne.
Vi hadde sein middag, og i dag vart det heimelaga fiskekaker, må ha litt lett mat innimellom.
Dagane går stort sett med til å lage mat, ete og prate. Gutane leikar seg fint-mest populært med data. Ikkje all verda å finne på i det trasige veret. Synest det var litt trist ar vi fekk slikt ver i påska. Hadde vore kjekt om vi kunne ha funne på noko ute.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar