Klokka er snart 18.00. Det har vore snøbyger i dag også, men lange fineversperiodar innimellom. No ser det ut til at vi skal få skikkelig fint ver. Men temperaturen er berre +1 grad C.
Eg har ikkje vore ute i dag, men dei andre har hatt seg småturar. W var ute og trilla minstemann, mens Nils og Rasmus var ut og såg etter båten og hadde "storegutane" med seg.
Til middag i dag laga eg røykt svinekam med bernaise, etter ønske frå ein av gjestane. No har vi drukke kaffi og ete kaker. Det er ikkje fritt for at der var litt att etter selskapet sist sundag.
Det blir trulig til at gjestane tek på heimveg i morgon. Godt for dei å få ein fridag heime før dei skal på arbeid igjen.
Det blir no tomt i huset når dei fer, men det går mot sommar, og det blir lettare å reise begge vegar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar