torsdag, april 05, 2012
Bok nr.13 - 2012: Før jeg sovner.
Denne boka las eg ut i dag. Det er ein kriminalroman ut om det vanlige. Boka har fått gode kritikkar og den høver svært godt som lydbok.
Christine, som er hovudpersonen i boka, vaknar kvar morgon utan å kjennen mannen som ligg ved sidan av henne og utan å hugse kva som har hendt dei siste 20 åra.Men mannen er tolmodig, kvar dag fortel han henne det ho vil vite. Utan at mannen veit det går Christine til ein lege som råder henne til å skrive dagbok, og kvar morgon ringer han til henne for å minne henne på kvar dagboka ligg og ber henne dese det ho har skrive. Litt etter kvart dukkar hendingar frå fortida opp.
Dei som vil vite meir om kva boka handlar om, kan lese på nettet. Boka er vel nærmast det vi kallar ein psykologosk thriller, og alt blir nøsta opp til slutt. Eg kan ikkje du meg, men må påpeike at eg ganske snart gjetta dei fleste gåtene. Men den er absolutt lesverdig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar