Klokka har passert 17.00, temperaturen er + 5 grader og veret om lag som i går. Med litt meir regn og sludd rett nok. Snøen minkar for kvar dag og snart er den heilt borte her oppe i bakkane også.
I dag har Nils og eg vore på ei handlerunde - utan å handle så veldig mykje. Eg var på jakt etter besteklede til meg sjølv, sidan både dåp og konfirmasjon står for døra, men det er vanskelig å finne noko som høver. Får vel prøve Møre Konf. igjen, det er dei som har vanlige "gammaldagse" klede som passar på gamle kjerringar. Det blei tur på kafé i dag også, men i morgon skal eg vere husmor og både koke og vaske. Trur eg.
I dag skulle eg sikkert feira kvinnedagen i lag med innvandrarkvinnene; for dei er det ein stor festdag her i Ørsta, men eg har aldri vore med på det. Bjørg, som har flytta til Larvik, saknar å vere her i dag, skriv ho. Men eg kan helse til alle kvinner som er innom bloggen, og gratulere med dagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar