torsdag, mars 15, 2012

Vermelding 15.mars - 2012

Hurtigruta, Kong Harald, låg ved kaia i Molde, og mange turistar var opp i gatene og spaserte i regnveret.

Hotellet "vårt".

Utsikt frå frokostrommet.

I dette rommet åt vi frokost.

Utsikt frå ferja over Moldefjorden. Gjennom vinduet.

Klokka er 20.30, temperaturen er +8 grader. Det er møkt ute, men eg trur det er overskya og litt regn.
Vi reiste til Molde i går, tok 11.15-ferja frå Festøya, så vi var framme tidlig på dag. Sidan ho som skulle vere i lag med meg framleis er sjuk, og ho ikkje fekk tak i vara, fekk Nils vere med til Fylkesårsmøtet i pensjonistlaget. Møtet skulle begynne i dag klokka 11.00, men vi bestemte oss for å ta ein liten miniferie. Vi hadde ikkje bestilt , men fekk rom på Hotell Alexandra der årsmøtet skulle vere.
Det var surt og kaldt i Molde i går, men vi gjekk og rusla litt i gatene, gikk på eit par kaféar og såg i butikkvindu etc.Kjøpte nesten ingen ting. Men så mange butikkar med dameklede som der er i Molde finst ikkje andre stader, trur eg. Vi kunne sikkert tatt ein biltur, men vi hadde parkert bilen så trygt og godt i hotellgarasjen, så vi let den berre stå der.
Då kvelden kom chilla vi på hotellrommet, såg TV etc. Vi la oss ved midnatt, så tidlig er det mange år sidan eg har gått til sengs, men eg ville tidlig opp i dag, ete ein god hotellfrokost og bli svolten igjen til lunsj klokka 12.00. Ja, det skjedde altså ikkje! Eg vakna klokka 9.15, og var ferdig med frokosten klokka 10. Ikkje ein gong eg klarer å bli svolten att etter ein hotellfrokost på så kort tid, så eg orka nesten berre dessert til lunsj, enda der var både koldtbord og to varme rettar. Og det var gratis!!
Slike møte er i grunnen ganske kjedelige, og vi fekk ikkje mykje tid til å bli kjende med dei andre som var der.Men på ferja over Moldefjorden kom vi i lag med ein artig gjeng som vi gjerne skulle hatt meir tid i lag med. I dag var det nydelig ver i Molde, med opplett,litt sol og + 12 grader C.
På ferja Solavågen - Festøy bles det godt, og ferja hadde problem med å legge til kai.
No har Nils fyrt godt i omnen, og eg må til å tømme oppvaskmaskina som ikkje vart ferdig før vi reiste i går. Det var veldig kjekt å komme seg på ein tur, vi har ikkje vore så mykje på farten dei siste åra.

3 kommentarer:

solveig sa...

De gjorde rett i å ta dykk ekstra tid!

Besta sa...

Det einaste eg kjøpte i Molde var eit strikka ullpledd, det var nemlig ikkje altfor varmt på rommet.
Pleddet hadde kosta ca 600 kr, men var sett ned til halv pris. Det hadde kosta meir å strikke det sjølv. Skal vaske det forsiktig så det blir litt mjukare-håper det går bra.

solveig sa...

Det gjer det sikkert.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...