søndag, oktober 02, 2011

Vermelding 2.oktober - 2011

Klokka er 12.00. Temperaturen er + 13 grader C. Veret har vore strålande til denne tid i dag, men no ser eg at det skyar over i ein viss fart. Det blir visst aldri slutt på væta.
Laurbærheggen blomstrar for andre gong i år så han likar visst veret.
I dag ventar vi på Rasmus med fam. Dei har overnatta på Vesterland, mellom Kaupanger og Sogndal, og kjem hit i løpet av dagen. Eg har laga ferdig maten-Lasagne står i omnen, veldig grei mat når ein ikkje veit kva tid folk kjem. Reknar med at gutane fekk leike litt før dei køyrer vidare.Nils har vore på sjøen og drege teiner, og fekk ein del krabbar. Spørsmålet er om der er noko i dei. Det har vore lite mat i krabbane siste åra.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...