Klokka er 13.30, og vi skal snart ete middag. Måtte ein liten tur ned på biblioteket +nokre ærend til. Det er nydelig lettskya ver ute, men eg synest det er kaldt. Gradestokken viser rett nok + 12 grader, men det er ikkje nok. Vi har ikkje tatt sjansen på å begynne å plante ute enno. Har styrt med litt husarbeid før middag, men når vi har ete skal eg legge meg på solsenga. Har både dyne og teppe om det trengst. Har ingen andre planar for dagen, men i morgon får vi middagsgjestar-det er ballettøving, så då kjem Margrete og ungane.
I dag kan vi gratulere Stein Inge på Eid med dagen.Og så vil vi også sende ei helsing til Stryn der Lise fyller år. Gratulerer begge to! Og så ønsker vi alle ei GOD HELG!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Og så kom regnet, etter mange fine dagar. God helg!
Trur på mange måtar at mildver og regn er betre i mai enn tørke og iskald nordavind. Men eg saknar sola.
Legg inn en kommentar