fredag, mai 06, 2011

Bok nr. 25 - 2011: Tilgi meg

Eg har lese fleire bøker av denne amerikanske krimforfattaren, og dei fleste har eg likt godt.Denne er også bra, ei god bok vil eg seie, men ingen spennande pageturner. Det ser ut til at det er ein trend i USA til å fokusere på det tragiske i brotsverka, og det meiner eg er rett. Mange amerikanske krim-romanar handlar også mykje om tilhøve mellom foreldre og barn, det gjer denne også. Dessutan handlar det om skuld, hat og tilgiving. Og stiller spørsmål om kva ein sjølv ville ha gjort i ein gitt situasjon. Er det slik at vi vil bli tilgitt, men ikkje kan tilgi sjølve?
Kor langt er vi villige til å gå for å verne om våre eigne barn, vårt eige liv? Desse spørsmåla er evig aktuelle, og langt frå nye. Eg som har lese svært mykje krim, er på ein måte litt overmett.Men for all del, boka er god og velskriven. Synest ikkje det har noko for seg å referere innhaldet i ein krimroman, de kan lese på nettet om de vil, eller :Les boka.Boka er på 9 CD-ar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024 .27.november

 Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...