fredag, mai 06, 2011

Vermelding 6.. mai - 2011

Klokka er 13.30, og vi skal snart ete middag. Måtte ein liten tur ned på biblioteket +nokre ærend til. Det er nydelig lettskya ver ute, men eg synest det er kaldt. Gradestokken viser rett nok + 12 grader, men det er ikkje nok. Vi har ikkje tatt sjansen på å begynne å plante ute enno. Har styrt med litt husarbeid før middag, men når vi har ete skal eg legge meg på solsenga. Har både dyne og teppe om det trengst. Har ingen andre planar for dagen, men i morgon får vi middagsgjestar-det er ballettøving, så då kjem Margrete og ungane.
I dag kan vi gratulere Stein Inge på Eid med dagen.Og så vil vi også sende ei helsing til Stryn der Lise fyller år. Gratulerer begge to! Og så ønsker vi alle ei  GOD HELG!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Og så kom regnet, etter mange fine dagar. God helg!

Besta sa...

Trur på mange måtar at mildver og regn er betre i mai enn tørke og iskald nordavind. Men eg saknar sola.

Dagbok 2024: 28.november

Klokka er no 15.43. Temperaturen ute er minus 3 grader, men det er kaldt nok- bilda er tatt på parkeringsplassen ved ALTI.Det har vore sol i...