Klokka er 14.30, temperaturen er + 13 grader, men det er tretten kalde grader og isande nordavind. Det er skya, men sola er framme av og til.
Føremiddagen har gått med til diverse ærend; ein tur fram på Mo, nokre småærend i gågata og matshopping på Amfi.
Så hadde eg avtale med Formannen om at vi skulle møtast på Møre-Nytt og velje ut nokre bilde som skulle sendast til Pensjonistforbudet sentralt. Vart sittande å blade i diverse aviser mens eg venta på Sverre.I Fjordabladet fann eg eit stort bilde av Stein Inge. Han har også ei sak å jobbe for.
No har vi ein pizza i omnen, det var tilbud på Grandiosa i dag.Det er heldigvis meldt varmare ver på sikt.
4 kommentarer:
Eg leita fram att boblekåpa i dag tidleg. Eg kan ikkje fordra å fryse.
Så lenge sola skin er det bra varmt, men når ho er bak ei sky, er det ganske kaldt, 5 grader no kl 23. Ikkje ofte S.I. er i avisa, så det var artig at du kom over den.
Takk for sist. Det var hyggelig å hilse på deg på boklanseringen
Hyggelig å helse på deg også. Skal bli litt "flinkare" å besøke bloggen din heretter.
Legg inn en kommentar